G16 i toppkamp

Publisert av:
19/10/2012 07:34

 Trenar, Øystein Utne, hadde vel ikkje akkurat overflod med spelarar å ta av, men det gjorde ingen ting når dei som var med, jobba knallbra gjennom heile kampen. Dette vart ein «midtbane»-kamp, spesielt i 1.omg. Mulig ballen var mest via blå føtter, men Njardar var absolutt med!

Ingen av laga hadde dei heilt store målsjansene denne omg. ikkje før heimelaget fekk straffe ca 5min før pause. Pulsen steig kraftig både på og utenfor banen då! Men trenaren kunne berolige oss. Dei hadde hatt straffetrening dagen før, med god suksess! Njardarkeeperen Ina hadde fokuset på rett plass og tok straffen inkl egen returJ Så til pause var laga like langt!

2.omg starta med stort Njardarpress, men dei klarte aldri å bli giftige nok! Kampen vippa att og fram, og kor poenga skulle havna var vanskeleg å spå! Resultetet stod seg heilt til det gjenstod 1min av kampen. Hjørnespark til RN, og vips stod det 1-0. Poengdeling hadde vel vore mest fortjent, men som alle veit, det gjelder å scora mål! Uansett, så vart dette ein fin avslutning på sesongen.

Alle jobba knallbra, og for oss som var tilskuer, vart dette ein underholdanes kamp (sjølv om verèt var heilt forferdeleg då me reiste, haldt det seg fint nesten gjennom heile kampen!) Humøret på laget var upåklageleg både før/under og etter kamp! Ein kjempeflott gjeng!

Desse var med: Ina, Lars Even, Alf Inge, Ørjan, Jonny, Rolf Elling, Marcus, Arild, Ruben, Lasse, Morris og Henrik

Ein stor takk til Øystein som har trent laget. Håpar på fortsettelse!