Banksjef byter bank

Publisert av:
9/10/2012 07:22

Berggreen har vore tilsett i Tysnes Sparebank sidan 2002; dei siste fem åra som banksjef.

-Me kjem til å sakna Siri, både som person og for den solide bankfaglege innsatsen hennar, seier styreleiar Leif Magne Hovland.

Hovland fortel at styret alt har starta arbeidet med å rekruttera ny banksjef: -Dette er ein attraktiv stilling i ein liten, men velfungerande bank, og me reknar med å ha ein ny person på plass i første kvartal 2013, seier Hovland i ein kommentar.

-Eg har hatt ti gode år i Tysnes Sparebank. Det har vore spennande og utviklande å arbeida saman med ressurssterke og varme kollegaer og eit godt styre. I desse åra har eg lært mange tysnesingar å kjenna, og det har vore givande å kunna hjelpa både næringsliv og privatpersonar med økonomiske råd og andre banktenester. Eg gler meg til å følgja med på korleis både Tysnes Sparebank og resten av Tysnessamfunnet utviklar seg, seier Siri Berggreen i ein kommentar.

Pressekontakt:
Styreleiar Leif Magne Hovland tlf. 41 21 21 93