Trott for sterke

Publisert av:
8/10/2012 19:21

I går møtte Njardar sitt a-lag Trott på Reiso.

Sjølv om Njardar hang godt med og hadde ballen ein del i 1.omgong, vart det for unøyaktig i siste del av det offensive spelet.

Trott derimot, var effektive og scora på sine sjansar, og det stod 3-0 til trottarane til pause.

Etter kvilen overtok Trott enno meir, og auka leiinga med ytterlegare fire mål, slik at sluttresultatet vart heile 7-0.

A-laget har no to kampar igjen av sesongen 2012.