Dataproblem for Esso

Publisert av:
1/9/2012 19:39

Det var laurdag formiddag at Esso Tysnes vart ramma av ein feil i ein dataserver. Denne feilen gjer at bensin- og dieselpumpene ikkje fungerer, og heller ikkje kassasystemet deira.

Frank Tysnes opplyser til Tysnesingen at han reiste eins ærend til Bergen laurdag ettermiddag for å få ein del til serveren, men det viste seg at dette ikkje hjalp etter at den vart sett på plass laurdag kveld.

– Me må truleg skifta heile serveren og dette får me ikkje gjort før måndag. Det betyr at det ikkje går an å fylla drivstoff frå pumpene før utpå måndagen ein gong, seier han.