Publisert av:
22/8/2012 06:22
Ny barnehage i emning
Midt i travlegaste tida på morgonkvisten, med skuleelevar på veg til skyssmåten, skulebussar og 08.10 ferja, var eit stort lasteskip i fullt arbeid på kaien i Våge.
Det er dei nye modulbarnehagane som er på veg. Dei vart løfta av ein stor krane frå skipet og over på vogntog. Trafikken vart stoppa kvar gong løftet vart gjort.
Modulane vert køyrte til Reiso, der dei skal monterast til ny barnehage.