Tukta nesten serieleiaren
19/8/2012 21:06
Det var eit ungt Njardar-mannskap som starta dagens kamp mot Djerv på Reiso. Gutelagsspelarane Rolf Elling Utne og Lasse Skulstad fekk debuten sin, og Terje Vevatne vart utnevnt til kaptein.
Og ungdomane viste at det bur noko i laget. Med stor iver, god tone og lagmoral jobba dei gjestane i senk i 1.omgong.
Njardar tok så leiinga då Lasse Skulstand sende ein perfekt stikkar til Ørjan Malkenes, som lobba elegant over keeper og i mål. 1-0 til pause.
Same mann scora også Njardar sitt andre tidleg etter pausen, også det med ein følsam lobb. Djerv svara raskt og reduserte, og dei fekk enno eit og brått stod det 2-2.
Men det unge Njardar-laget la seg ikkje nedpå og deppa for det. Dei stod på og 3-2 målet var ei perle. Ørjan Malkenes la eit perfekt innlegg over til Torstein Flakke, som kom skrått inn frå vingen, og 16-åringen breisida ballen til side for keeper og i nota.
Djerv var sjokka, og køyrte på mot slutten. Til slutt fekk dei utlikninga si og kampen enda 3-3.
Men eit steg riktig retning for a-laget som leverte ein god kamp!
Desse var med: Kjartan Hagen, Rolf Elling Utne, Endre Vermedal, Eivind Skorpen, Raymond Epland, Torstein Flakke, Terje Vevatne, Andreas Langeland, Lasse Skulstad, Remi Ellingsen, Ørjan Malkenes, Daniell Hauge Hansen, Alexander Instøy, Torbjørn Onarheim, Gunnar Hansen.