Oselvar NM

Publisert av:
15/8/2012 14:13

Under årets Oselvar NM på Milde stilte siglarlaget Njord/Tysnes med mannskap i fem båtar. To av desse kom på pallen.

På bilete frå venstre: Sølvmedaljørar:Lars Norvald Grøteide, Jan Vee og Jan M. Hansen som segla med båten Berserk, Gullmedaljørar: Morten-Johan Sletten Steene, Andreas M. Iversen og Kristian Holst som segla med båten Hyggen og bronsemedaljørar: Bernhard Gjerstad, Vegard Aslaksen og Kjell Magnus Økland som segla med båten Susi. I framgrunnen: Norges Seilforbunds representant Hermod Opstvedt.

Dei andre båtane frå Njord/Tysnes var “Spretten” med Arild Gjerstad, Torunn Nødland og Olav Sigurd Nødland som mannskap og “Seira” med Svein, Åshild og Sindre Økland.

I tillegg var Sigmund Sandvik mannskap på oselvaren “Kryss”.

Arrangør var Milde Båtlag og det stilte 24 båtar til start. Seglasane gjekk føre seg på Korsfjorden i nordleg vind.

Fullstendig resultatliste finn du her >>>