Kassabilløpet Tysnesfest GP 2012
28/7/2012 20:15
Gledeleg var det også at vêr- og føreforhold var bra. Stemninga i løypa var til å ta å føla på då dei i alt 9 bilane stod klare til start.
I den opne klassen skilde berre eit fattig hundredel vinnaren frå andreplassen. Slik er det i ekstrem bilsport, svært små marginar. Me fekk også sjå gode underhaldningsinnslag, og flotte bilar i det veletablerte og tradisjonsrike løpet.
Juryen kåra vinnarar av dei faste trofea, og premiane vart utdelt like etter løpet. Alle deltakande fekk deltakarpremie, og vinnarane av dei ulike trofea fekk også pokal. Det var også i år berre ein bil med i meisterskapsklassa, og denne tok då ikkje overraskande tittelen! Me gratulerer Nybegynneren med nok ein siger, og ynskjer lukke til i Noregsmeisterskapen i olabil!
Resultatlista etter kassabilløpet ser slik ut:
Open klasse:
Vinnar: Bil: Tid:
Finaste bil Basskongen **.**
Raskaste bil Jedn-mobil 45.30
Lightning 45.31
Noko gale med mikrofonen 46.84
Besten 50.28
Sjarmør Gravity 9,8 52,78
RadaRada 58,75
SpaceCowboys 80,24
Meisterskapsklasse:
Raskast Nybegynneren 40,47
Me takkar for deltaking, gratulerer alle vinnarar, og ynskjer velkommen attende nesteår!
Tysnesfest