Fekk Noregs største settefiskkonsesjon i jubileumsåret

Publisert av:
6/7/2012 20:15

Hordaland Fylkeskommune har godkjent Fjon Bruk sin søknad om utvida produksjon, noko som gjev rom for å produsera 20 millionar sjøklar settefisk og 52 millionar yngel, dette fordelt over heile året.

Det nye løyvet (konsesjonen) kom i jubileumsåret, då det 40 år sidan anlegget på Fjon vart etablert.

Prosessen i forkant av den formelle godkjenninga har vore gjennomført i nært samarbeid/dialog med m.a. NVE, Mattilsynet, Fylkesmannen i Hordaland, Sveio kommune, der tiltakshavar har framført viktig dokumentasjon gjennom heile sakshandsamingsperioden. Fylkeskommunen si rolle har vore å koordinera og samla dei ulike mynda sine vedtak og tilrådingar, samt å «skriva ut» det formelle vedtaket om gitt konsesjon. 

Anlegget hentar vatn frå Vigdarvatnet, som er 7,13 km² stort og med eit samla nedbørsfelt på omlag 95 km².

Vigdarvatnet er regulert med ein demning ved utlaupet av Fjonelva.

Anlegget har ein vassdragskonsesjon frå NVE av 29. mai 2008 til å regulera Vigdarvatnet mellom kote 8,50 (HRV) og 7,37 (LRV) moh, noko som gjev eit reguleringsmagasin på maksimalt 8,3 millionar m³.

Maksimalt vassuttak er sett til 65 m³/min, og det skal heile året sleppast ei minstevassføring på 160 l/s til Fjonelva. Vassforbruket vert målt og registrert.

Avløpet frå anlegget har sidan juni 1996 vore reinsa gjennom eit reinseanlegg som pt har ein kapasitet på 65 m³/min, beståande av 5 stk HYDROTECH filtre og filteråpning på 90 µm.

Tilstanden i Fjonvika er nøye overvaka, og miljøtilstanden er betra dei siste åra sjølv om produksjonen ved anlegget har auka. Ålfjorbotn synes heller ikkje å vera negativt påverka.