Opna ny kai

Publisert av:
21/6/2012 16:56

Halv seks torsdag ettermiddag var det duka for ein liten fest ved Malkenes kai. I fleire år har hurtigbåten gått inn til ein privat kai, men omsider har den kommunale kaien blitt fiksa opp og fornya. Dermed kunne Hardangerfjordekspressen leggja til “nyekaien” for fyrste gong i dag.

Før snorklypping, kake og kaffi talte ordføraren. Han rosa særleg familien Anders Berge som i alle desse åra har stillt kaien sin disponibel for hurtigbåten. Ros vanka det også til Oddvar Lunde og dei andre grunneigarane som har stått på for å få til den nye kaien.

Sist, men ikkje minst, oppmoda Hestad om at folk måtte bruka dette flotte reisealternativet mot Bergen og Flesland.
– Det er ei oppleving å reisa med hurtigbåten i både vindstille, vind, sol og regn. Ei flott reise er det uansett, sa ordføraren i talen.

Med lyd i hornet ankom Hardangerfjordekspressen Malkenes og til slutt fekk også kapteinen på båten roser og lukkeønskjer for framtida ved den nye kaien.