Heimetap

Publisert av:
3/6/2012 20:20

Det var ingen god kamp a-laget leverte på Reiso-graset søndag ettermiddag.

Sjølv om dei i fyrste omgongen var mest på gjestane sin banehalvdel, var det lite samspel og få scoringsjansar som vart produsert. Piffen gjekk og litt ut då Løvåsen gjekk opp til 1-0 leiing i denne perioden.

Løvåsen gjekk opp til 2-0 eit stykke ut i 2.omgong, men Njardar svara. Roy Inge Korsnes hadde eit raid ned til dødlinja og fekk lagt ut att i feltet og der kom Alexander Instøy i full fart og sette ballen enkelt i mål.

Men kvarteret før slutt fekk gjestane straffespark som dei scora sikkert på og dermed ebba kampen ut med 3-1 tap for Njardar.

Desse var med: Kjartan Hagen, Tony Andre Gundersen, Raymond Epland, Eivind Skorpen, Andreas Langeland, Ørjan Malkenes. Aksel Lande, Nils E. Hansen, Roy Inge Kornes, Terje Vevatne, Tommy Gundersen, Alexander Instøy, Gunnar Hansen.