Big Men Blues Band: The Real Deal

Publisert av:
28/2/2012 07:31

Før dette opptrådte frontfigurane Jan Gunnar Rosseland (gitar) og Tor Vidar Tveit (vokal) som duo i ei årrekke, til dei fann ut at det var tid for å erstatta rytmeboksen med ekte vare. Dei bestemte seg for å kontakte Martin Hauge Hansen (bass) og Ole Ivar Sunde (trommis), som var alt dei trengte for å realisera eit fullblods band. Og dermed var Big Men Blues Band ein realitet.

Repertoaret har vore gjenstand for ei viss utvikling gjennom åra, men om du høyrer etter er det ikkje vanskeleg å ane inspirasjonskjeldene. Gruppa er nemleg spesielt inspirert av Stevie Ray Vaughn, Peter Green og Roy Rogers, men med åra har det òg kome til ei rekke eigenkomponerte låtar.

Gruppa har holdt ei rekke lokale konsertar, ikkje minst i heimkommunen Tysnes – der dei seinast underholdt eit fullsatt Mandelhuset i Våge 4. februar.

I det siste har kvartetten hatt ei rekke opptredener som kvintett etter at Jan Flaaten, kjent for sin virtuouse traktering av munnspel, har supplert besetninga.

Dette er ekte, rå blues, emballert i fem store, rutinerte musikarar. Og dei leverer varene!