Det nærmar seg den store Vinterfesten i Lunde, 3. mars.
27/2/2012 08:33
I heile vinter har det vore øving i grupper og denne siste helga før alt går av stabelen, vert gjengen samla i ungdomshuset. Over 20 melodiar er øva inn med gamle og unge musikantar og vokalistar.
Dette vert altså eit spennandes opplegg med variert musikk. Det totalt blotta for raude trådar, – alt frå karibisk rytmar til svensk og norsk musikk. Mykje gamal rock og nokre unge vokalistar som tar seg av det litt meir moderne slaget. Men me kan lova god musikk med både messing, saksofonar og piano.
Utanom den faste gjengen frå Lunde er det som sagt fleire unge jenter som skal synga, og frå Våge kjem dei som trufast har vore med oss fleire gonger før som t.d. i fjor på Vinterfesten.
Det vert utlodding, dans og betasupa av gamal god oppskrift. Musikken til dansen står ei gruppa frå Stanghelle som kallar seg Kleivakongen & The Underdogs. Dei har variert og god dansemusikk på repertoaret.
Det er i skrivande stund er det heilt fullt på lista, noko som betyr at desse festane er veldig populære i bygda og på øya elles.
Det at det må setjast eit tak på påmeldinga har med reglane i høve brann m.m. å gjera. Men til alle dei som står på lista, de er velkommen, ver ute i god tid sidan dørene vert lukka under sjølve programmet.