Publisert av:
31/1/2012 18:58
Ivrige på trening
I fleire år har Ronny Hagen hatt trening for born mellom 3 og 6 år i gymsalen i Lunde.
I dag var det på’an igjen med trening etter nyttår og mange forventningsfulle born var til stades.
På sirkeltreninga lærer dei basisting med både styrke, spenst og balanse. I tillegg lærer dei å følgja reglane som gjeld for at treninga skal bli kjekk for alle.
Trenaren har ein fin tone med ungane, samstundes som han har god kustus på dei.