Publisert av:
27/12/2011 17:17
Showkamp
Som oppvarming til romjulscupen vart det spelt ein showkamp mellom politikarar i Tysnes og dei tilsette i lokalavisa.
Bladet Tysnes stillte i nye eigenproduserte drakter med flott trykk, bilete og fargar. Politikarane stillte i miljøfarga grøne drakter.
Kampen var jamn og enda med 3-3. Etter kampslutt nytta politikarane høve til å få seg ein klem og to frå dei kvinnelege tilsette i avisa og det virka som om begge laga var nøgde med innsatsen og resultatet.