Publisert av:
5/12/2011 19:38
Best i VG-kåring
HP Gundersen er ein kjenning for tysnesingar som likar blues og særleg for dei som har vore på Surhaa Blues på Nesse gard dei seinaste somrane. Han er gamal kompis med Roald Nesse, og sistnemnde har blues-mannen som fast innslag ved den spesielle siloen sin.
I følge musikkredaksjonen i VG har The Last Hurrah!! laga årets beste album. Det heiter “Spiritual Non-Believers” og fekk ei rekkje strålande anmeldingar då den kom ut.
VG meiner albumet ikkje har fått den merksemda som den fortener. Plata er VG sin suverene norske favoritt for 2011.