Publisert av:
22/11/2011 19:27
Forseinking i skuleruta
Adm.dir. i Strønen Båtservice AS, Ole Strønen, opplyser til Tysnesingen at på grunn av mykje lauv samt ein plastpose i sjøvannsinntaket, måtte dei byta til Godøysund Ekspressen i dag.
– Dette medførte noko forseinka avgang frå Os i dag. Med kuling frå sør i morgen, kan det verta naudsynt å gå til/frå Halhjem grunna kaiforholda på Os. Me får vurdera det på morningen, ellers
alt ok, seier Strønen.