Publisert av:
22/10/2011 18:32
Dagens ros
Eg vil med dette rosa postbod Silje Lunde!
-Posten skal fram, heiter det seg. At Silje har teke dette til seg er det ingen tvil om.
Eg venta ei postpakke. Denne skulle leverast på dør. No hadde det seg slik i dag at det var lite og ingen respons i døra.
For å finna folk måtte ein derimot lura seg rundt i tunet, for eg hadde etablert meg godt gøymd i eit stillas bak garasjen.
Heilt sikker på å få arbeidsro var eg når eg i tillegg hadde hørselvern på.
Dette stogga likevel ikkje Silje. Ho lukta lunta, og fann til slutt ut kor eg hadde lurt meg vekk.
Pakka vart levert etter alle kunstens reglar – heilt oppe i stillaset!
Noko uventa for min del, men det viser i allefall at Silje er eit utmerka postbod!
Anders på Dalland