Publisert av:
13/10/2011 20:24
Ferjemimring
Det er jo ikkje sikkert alle veit at det fins ei gamal HSD-ferje som heiter M/F Tysnes. Men faktisk så ligg det ein fin film om ferja med det flotte namnet på Youtube som Ingrid Haaland har fanga opp.
Når filmen har bakgrunnsmusikk til Matti Røsslands låt “Tøffe tider”, ja då er det verdt å nemna M/F Tysnes på Tysnesingen.
Før Trekantsambandet vart opna i 2001 gjekk 40-bilars ferja M/F Tysnes i sambandet Mosterhamn – Valevåg. Men ferja har gått på fleire samband, og eg meiner å hugsa at den også gjekk Våge – Halhjem ein kort periode på 70-talet?
Anyway – her er link til M/F Tysnes på Youtube >>>