Sjur Hjeltnes neste

Publisert av:
8/10/2011 14:48

Humorunderhaldning med Sjur Hjeltnes

Sjur er pianist og humorist frå Voss.

Frå dei ytterste skjær til kongens slott har Sjur kome med sine underfundige betraktningar frå pianokrakken. Som kapellmester har han spelt på scenar over heile landet og i lag med komikarar som Anne Marit Jacobsen, Christine Hope, Ina Breivik og mange fleire. Frå 2003 til 2010 samarbeida han med Nordic Tenors, og dei vann komiprisen i lag i 2006.

Sjur har eit trufast publikum over helie landet, som no får oppfylt ein draum; Sjur Solo. Aleina med pianoet har Sjur laga eit show der han gjer livet sine store spørsmål ein musikalsk og humoristisk vri.

Stolt og glad kan me presentera ein storarta mann på Mandelhuset! Me sjåast!

Laurdag 05. november kl 21:00 kr 250,-

Billetter i salg på Malia i Våge no!