Diplom for miljøfyrtårn

Publisert av:
17/9/2011 10:43

Det var under ei markering på Seletun ved Osvassdraget denne veka at miljøsatsninga på Os og Tysnes tannklinikkar vart feira. Det var ordførar i Os Terje Søviknes som stod for utdelinga.

– Det er svært kjekt å markere dette. Vi har eit knippe med miljøfyrtårn i Os. Barnehagen var først ut, etterfølgt av næringsverksemder og offentlege etatar. Ordninga er godt kjent. Den er robust. Det er ein prosess som må gjennomførast og oppfølgjast. Det er ei glede for meg å overrekke beviset på at dei to tannklinikkane er miljøsertifiserte, sa ordførar Terje Søviknes.

Klinikken på Tysnes har fire tilsette. Klinikksjef ved dei offentlege tannklinikkane i Os og Tysnes, Bente Holmgren, seier at miljøsatsinga ber frukter og har ringverknader også i heimane.

Det er Hordaland fylkeskommune som melder dette.