Heimetap mot Trio 1
11/9/2011 17:25
Njardar-gutane klarte ikkje følgja opp i same stil mot Trio 1 som mot Trio 2 i forrige kamp. I går vart det tap 5-1.
Heimelaget fekk ein verst tenkeleg start då Trio banka inn to mål etter berre fem minutt. Men Njardar svarte ganske raskt då Alexander Instøy reduserte til 1-2. Perioden etter Njardar-scoringa var dei gulkledde godt med i kampen. Men gjestane var gode i forsvar og stoppa Njardar-angrepa på om lag 20 meter.
Like før pause fekk Trio 3-1 målet og like etter at 2.omgongen starta kom 4-1 målet. Då var løpet køyrt for Njardar. Dei hadde 3-4 sjansar, men klarte ikkje å setja ballen bak Trio-keeperen. Trio scora enno eit før domaren bles av for full tid og vann til slutt 5-1.
I periodar spela gutane bra, men det vart for vel mykje syting og klaging av enkelte spelarar, i staden for å prøva å heva laget positivt nokre hakk og gje Trio betre kamp.
Desse var med: Andreas Frøyseth, Rolf Elling Utne, Morris Skulstad, Henrik Malkenes, Ruben S. Lunde, Torstein Flakke, Aksel Lande, Andreas Langeland, Simon Malkenes, Daniell Hauge Hansen, Alexander Instøy, Vegard Frøkedal.