Publisert av:
6/9/2011 20:12
Spela i Boston
Det var på eit av verdas største og beste musikkuniversitet, Berklee College of Music i Boston, at Tore Hodneland var på eit såkalla Five-Week Summer Program.
Til avisa Sunnhordland fortel det 16 år gamle gitartalentet at det var over tusen studentar frå om lag 70 land som deltok på programmet. Om lag 300 av desse var gitaristar.
På slutten av programmet var det berre dei beste som fekk spela på avslutningskonserten og blant desse var altså tysnesingen Tore Hodneland. I tillegg var han ein av få som fekk tildelt eit fulltidsstipend.
Du kan sjå og høyra frå konserten på Youtube >>> og frå ca 8 minutt kjem Tore i aksjon.