No kan du sei di meining om NAV

Publisert av:
26/8/2011 08:56

– Brukarane våre kan svara på spørsmål om dei er nøgde med ventetid, service og rettleiarane ved Nav kontoret, opplyser han.

For dei fleste vil det berre ta mellom to og fem minutt å svara på undersøkinga.

– Nav vil høyra brukarane si meining, seier Støle.  Gjennom brukarundersøkinga ønskjer me å få innspel på korleis brukarane opplever servicen på Nav Tysnes.

– Me tilbyr viktige tenester for innbyggjarane i kommunen vår.  Difor er det viktig at brukarane våre fortel oss kva me er gode på og kva som me kan bli betre på, seier  Nav leiaren.

Resultata frå undersøkinga vil me bruka til å sørgja for at innbyggjarane i kommunen opplever eit stadig betre Nav kontor.

Nav leiaren vonar på at mange tek seg tid til å svara på spørsmåla.