Lunde Bygdelag tar utfordringa

Publisert av:
21/6/2011 17:59

Planen har arbeidet med ny skulestruktur som utgangspunkt og dei utfordringar ein ny plan venteleg vil få for bygda om ein ikkje “legg seg saman og gjer noke”.

Planen tek sikte på å vera ferdig til september i år, og har denne ramma:

1. Korleis syta for nok elevar til å oppretthalda eit varigt oppvekstun med barnehage og 1-4 skule – få til ein avtale med Lunde skule slik at skulen vil overleva dei neste ti åra utan årleg kamp.

2. Næringsutvikling – arbeidsplassar – i Lunde og på Tysnes.

3. Korleis utvikla Malkenes som eit trafikknutepunkt.

4. Bustadtomter – få utbygd eksisterande og tilretteleggja nye.

Lunde Bygdelag ønskjer å samarbeida med Tysnes kommune gjennom eit privat/offentleg samarbeid.

Eit positivt tiltak for å få fart på Tysnes.