Klart for turorientering

Publisert av:
17/6/2011 12:38

Til helga startar salet av turorienteringskart. Desse får du kjøpt hos Esso Våge, Flakkavåg Handel, Joker Uggdal, Bunnpris og Bruntveit Handel.

Postane er plassert rundt i Tysnes-fjella av Jan Belt (Lundegrend idrettslag), Bernhard Skjolde (Onarheim idrettslag), Asle Bernt Rekve (Uggdal idrettslag) og Marit Nancy Allard Gjøvåg (Reksteren idrettslag). Utan desse – ingen turorientering.

– Det vert årleg seld om lag 45-50 kart noko som er brukbart. Eg tenkjer då at det er to-tre som brukar kvart kart, så då er det eit brukbart tal, seier primus motor Sigurd Bjordal til Tysnesingen.