Lokalavisa i Dagens Næringsliv
21/4/2011 22:14
“Hyttefolk gjør liten avis stor” er overskrifta over ein to-siders artikkel i Dagens Næringsliv onsdag denne veka. Hytteeigarar er med og gjer at Bladet Tysnes sel nesten like mange aviser til folk utanfor kommunen som til tysnesingar.
Bladet Tysnes har cirka 1175 abonnentar utanfor kommunen, opplyser redaktør Ole Skaten til DN. Eit bevisst val av journalistiske saker er i følge han ein av grunnane til suksessen på bortebane.
Skaten seier til DN at spalta “Me som har flytta ut” har hausta god kritikk. Han legg til at mange av utflyttarane er hytteeigarar og at dei er bevisste på å ha ein del intervju med hytteeigarar og saker som interesserer dei.
Artikkelen har bilete av dei tilsette i lokalavisa, Bladet Tysnes ligg på topp i tabellen som viser aviser med kor stor andel dei har med hytteeigarar og utflyttarar, og til sist er det eit kart over Sør-Norge der Bladet Tysnes er markert på Tysnesøy.