Sydpolen neste?

Publisert av:
27/2/2011 19:02

Tonje Olafsen frå Våge er ein av deltakarane som håpar å få vera med på One Call Wintercamp 2011: Sydpolen.

I innleiande påmelding til den lange turen var det 4000 personer. No er det nede i 100 personar igjen på deltakarlista, og Tonje Olafsen er blant dei siste hundre.

Til slutt skal det enda opp med tre kvinner og tre menn som saman med arrangøren skal reisa i lag til Sydpolen, med avreisedato i midten av november.

Så vil tida visa om den utflytta tysnesingen er ein av dei heldige som får vera med på ekspedisjonen som vil finna stad nær hundre år etter at Roald Amundsen nådde målet sitt 14.desember 1911.

Bilete: onecall.no/wintercamp2011/