Tysnes Sparebank sitt beste resultat
22/2/2011 21:09
Dette er 3,3 mill. kr. høgare enn resultatet i 2009.
Styret er særs nøgd med resultatet, som er det høgaste i banken sin historie. Banken har hatt vekst både på utlån som auka med 8% og innskot med 2%. Det har ikkje vore store tap på utlån i 2010, og banken har hatt lågare kostnadar blant anna på grunn av omleggjing av AFP reglane. Banken har ei stabil kundemasse og høg innskotsdekning. Pr. 31.12.2010 var innskotsdekninga 88,5%. Forvaltningskapitalen auka til 930 mill., som er ei auke på 9% frå året før. Tysnes Sparebank er ein solid nærbank og hadde ei kapitaldekning på 16,24% pr. 31.12.10.
Forstandarskapet vedtok rekneskapet for 2010 på møte 15.februar, og avsette 1 mill.kr. til gåver og 150 års jubileum, og 6,4 mill. til Sparebankens fond. Fullstendig årsrekneskap kan du lese på heimesida til banken.
Gåvetildelinga vart vedtatt i forstandarskapet på same møte og lista over tildeling finn og på heimesida. www.tysnes-sparebank.no
Samla sett gav banken ca kr. 450.000,- i direkte støtte og sponsing til lag og organisasjonar på Tysnes i 2010.
Tysnes Sparebank er Hordalands minste bank og ein viktig aktør i lokalsamfunnet. Som liten er vi handlekraftig og har nær kontakt med våre kundar. Vi kjenner kundane våre, og dei kjenner oss. Dette gjer tryggleik og positive resultat for alle partar.
Banken gir lån og garantiar til lokalt næringsliv og privatpersonar i regionen. Vi satsar på vekst og utvikling i Sunnhordland og bidreg i tillegg til vanlege banktenester òg med utleige av lokalar, aktiv sponsing og gode arbeidsplassar. Vi nyttar lokale leverandørar og har samarbeid med kommune og næringsliv. Vi har tatt mål av oss å vere ein kompetansebedrift med lokalt engasjement som satsar på miljø og unge i tida som kjem.
2010 var eit spennande og krevjande år. For å sikre kundane våre tilgong på gode banktenester i lokalsamfunnet samla vi drifta i eit lokale på Tysnes. Dette arbeidet er no fullført og vi er klar for eit nytt år med mange gode tilbod til kundane våre i nye oppgraderte lokalar.
For meir informasjon kontakt:
banksjef Siri Berggreen,
sib@tysnes-sparebank.no, mobil 97 52 49 84.