Publisert av:
20/2/2011 19:33
Stor dag for G11
G11-laget hadde ikkje vunne kampar før dagens kamp. Før kampen lova trenar Jørgen Knudsen spelarane sine at viss dei vann i dag, så skulle dei få klyppa håret hans.
Og gutane leverte med storspel mot gjestane Sund. Det var einvegskøyring frå start til mål. Dermed vart det ein kjempesiger for tysnesingane med 21-4 på resultattavla og stor jubel.
Stemninga steig enno nokre hakk, då spelarane tok saksa fatt etter kampslutt og hårlokkane til trenaren rauk til.
Desse var med: Benjamin Tho, Bjørn Ove Tjelta, Henrik Epland, Håkon Knudsen, Olai Hjertaker Hollekim, Sondre Flygansvær, Richard Wathne, Alf Inge Stue, Erik Enes, Thomas Hjelland, Ludvik Dalland.