Minst ti år fram
6/2/2011 08:19
Etter tre år som regionsjef, går Olav Ellevset snart over i stillinga som prosjektleiar for ferjefri E39 Kristiansand – Trondheim.
Første jobben til Ellevset er eit prosjekt som ser på teknologiutvikling for fjordkryssingar. – Dei enkle fjordkryssingane er bygd, medan dei ekstreme står att, seier han til BA.
1.mars vil eit forslag til korleis strekninga Stord – Bergen skal bli ferjefri liggja føre til Samferdsledepartementet. Det er i utgongspunktet tre trasear det er snakk om. Ein ytre over Austevoll, ein midtre over Tysnes og ein indre over Tysnes/Fusa.
Det skal utgreiast kva som er mest hensiktsmessig av hengebru, flytebru, røyrbru eller tunnel.
– Traseen via Fusa kan baserast på meir tradisjonelle fjordkryssingar og vil redusera ventetida, mens dei to andre alternativa må ta høgde for at det trengs mykje ny teknologi som kan forsinka prosessen, seier Ellevset til BA.