Ny leiar

Publisert av:
4/2/2011 20:49

Njardar/Tysnes vart stifta i 1974. Frå fotballklubben sitt fyrste år og fram til i dag har Tore Økland vore kasserar. Frå 2011 vert eldsjela leiar i klubben. Det melder njardar.no.

På årsmøte i januar klarte ein ikkje å få nokon til å ta leiarposisjonen i Njardar. Dermed vart det omframt årsmøte, som var i kveld, og der vart altså Tore Økland vald til ny leiar.

Njardar står føre store utfordringar i samband med bygging av ny krøllgrasbane i tilknytning til allereie eksisterande baneanlegg på Reiso.