Publisert av:
4/2/2011 16:11
Tysnesingen på radio
Oslo-folket virkar å verkeleg ha fått augene opp for tysnesingen.no ;)
For ikkje lenge sidan hadde Finansavisen ei sak på den elendige journalistikken her på Tysnesingen.
I dag var det Atle Antonsen og Johan Golden på P4 som hadde eit lite innslag frå Tysnesingen og harselerte litt. Dei hadde fått snusen i saka om go’hammaren til Kenneth Fagerbakk som han mista under Tysnesfest i fjor og som han etterlyste her forrige veke.
Dette synest Antonsen/Golden var verdt å nemna på riksdekkande radio. Ganske morsomt! Kjekt at slike lokale saker frå Tysnes kan fatta interesse for Oslo-folket :)
Du kan høyra innslaget her – spol fram til 36,36.