Fyrstemann på jobb

Publisert av:
28/1/2011 14:50

Roy-Sverre Amundsen (bilete) byrja som ny rådmann i Tysnes forrige veke. Han bur på Leirvik og dagpendlar til Tysnes.

Inntrykket hans så langt er at Tysnes er ein veldriven kommune med ryddig økonomi og godt samhald utan større konfliktar. Dette seier han i intervju med avisa Sunnhordland. Han har også lagt merke til at det frivillige arbeidet står sterkt i kommunen vår.

Av utfordringar i kommunen ser han at Tysnes har lite industri og strevar med å skapa næringsutvikling. Folketalet er også ei utfordring å få opp.

– Utbygging av sjukeheim og ny sentralbarnehage vert store og viktige investeringar for dei næraste 30 åra. Då er det ikkje lurt å velja billege løysingar, seier Amundsen til Sunnhordland.