Håndballturnering G10 i Tysneshallen
23/1/2011 20:58
Desse var med på Tysneslaget i dag: Remy T. Gundersen, Håkon Kongsvik, Knut Jørgen Nesland, Einar Stikholmen, Sjurd S. Pedersen, Kristian Enes, Mattis Utne, Elias S.Jordal, Heine Andersland og Marius S.Aarbakke.
Tysneslaget spela første kampen sin mot Kvinnherad.
Kvinnherad scora første målet, men det vart etterkvart ein jevn kamp der resultat til pausen var 5-4.
Tysnes viste at dei var i slaget i dag og vann kampen 8-6. Knut Jørgen stod i mål første omgang og Mattis i andre. Desse scora : Kristian 2, Marius 2, Håkon 1, Knut Jørgen 1, Mattis 1 og Remy 1.
Andre kamp gjekk mot Bømlo.
Dette vart ein tøffare kamp. Bømlingane hadde kamplyst og til pause stod det 3-3. Gjestelaget viste at dei var raske og tysnesingane sleit med ein ”snappar” frå Bømlo. Han stakk av med ein del sentringar i andre omgang. Det første og siste målet til Tysnes i andre omgang kom ikkje før det var vel to minutter igjen av kampen, men då hadde dei hatt ein god del skudd som gjekk i stolpen og utanfor. Kampen enda 4-7. Dei kjempa—og trenar Børge viste sterkt engasjement på sidelinja. Marius stod i mål første omgang og Mattis i andre. Desse scora: Sjurd 2 og Remy 2.
Dette vart ein litt enklare kamp for tysnesingane. Fitjar fekk inn eit mål og så scora heimelaget resten, men dog ikkje utan kamp. Ein del av skudda hamna utanfor eller i stolpe, men sju gjekk inn og det haldt absolutt til seier denne gangen. Knut Jørgen stod i mål første omgang og Marius i andre. Desse scora: Einar 2, Kristian 2, Remy 1, Mattis 1 og Heine 1.
Gjestelaga sine kampar gjekk slik:
Stord2-Bømlo 7-6
Fitjar- Stord 4-10
Kvinnherad- Stord2 7-5