Publisert av:
9/1/2011 18:21
Vann over serieleiaren
I store deler av første omgang var stillinga 2-2 med mange kontringar begge vegar. På tribuna hjalp heimepublikumet med friske heia-songar til klapp og tramp, og tysnesgutane gjekk til pause med leiinga 6-5 etter fine mål og godt keeperspel.
Gjestelaget tok leiinga tidleg i andre omgang, men Tysnes vakna snart og det vart svært jamt og spennande før Tysnes med ein glimrande innspurt sytte for velfortjent siger 15-12. Gratulerar!
Dei glade vinnarane var Eivind Martinsen, Vegard Kleppe, Arild Flornes(5), Johannes H Haugsgerd(2), Marius Tysnes, Brede Horne Hope, Matias Helland(1), Lars Even Stue (målvakt) )og toppscorar Elvis Kalvans(7) + nøgd trenar Bjørn Helge Ludvigsen.