Flaktveit for sterke

Publisert av:
8/1/2011 18:59

I nesten heile 1.omgong var det jamnt mellom Tysnes og Flaktveit, der laga skifta på å liggja i leiing. Men 2-3 minutt før pause drog gjestane i frå med tre kjappe scoringar og dermed stod det 4-7 til pause.

Men i perioden før dette var det mykje godt spel av Tysnes og dei hadde fleire stolpeskot.

Også starten av 2.omgong var bra av Tysnes. Men laget var ikkje alltid like effektive framføre Flaktveit sin keeper. Dei gulkledde ridde stormen av og scora tre raske mål og drog enno meir i frå.

Tysnes klarte ikkje knappa inn att og til slutt enda det med tap 9-15.

Desse var med: Bjørn Ove Tjelta, Henrik Epland 2, Håkon Knudsen, Olai Hollekim 1, Sondre Flygansvær 3, Alf Inge Stue, Erik Enes 3, Ludvik Dalland, Thomas Hjelland.