Steinhardt på biblioteket

Publisert av:
8/12/2010 17:25

Og det er kanskje ikkje så rart, den ser slik ut – og i tillegg er den… ja, steintung. Trass i at steinen ikkje er så stor, veg den ikkje mindre enn 8 kg!

Steinen vart funne av Ola Gransjøen på 1980-talet, i ei skråning ovanom Kjevikjo. For ikkje så lenge sidan vart steinen undersøkt ved De naturhistoriske samlinger på Bergen Museum. Geologen Øystein Jansen kan fortelja at det ikkje er ein meteoritt, som ein først kunne tru, men ein vulkansk bergart. Steinen er ein lausblokk frå istidene som ein gong i tida er rive laus frå fast fjell. Årsaka til den meteorittliknande overflata er gassblærer den gongen lavaen størkna.

Ikkje desto mindre vil Bergen Museum ha steinen frå Tysnes med på ei utstilling om meteorittar til sommaren, ettersom dei også gjerne vil ha med steinar som liknar på meteorittar.

Enn så lenge kan interesserte ta denne etter måten sjeldne steinen nærare i augnesyn på biblioteket i Tysneshallen. Det er Olav Skjellevik som har stått for utstillinga.