Publisert av:
22/11/2010 07:27
Jenter 11 med fire kamper i hallen
Den fyrste kampen mot Kvinnherad vant me. Lea Sofie storspelte i mål. Neste kamp var mot Odda, her tapte me hårfint, me låg eit stykke bak etter fyrste omgong, og tok nesten igjen heile forspranget, denne kampen skulle berre ha vart i eit minutt til…..
Mot Kvinnherad i neste kamp vart det eit tap, mens me slo Stord i siste kampen.
Jentene spelte knallbra og utfordra forsvaret til motstanderne i mykje større grad enn me tidlegare har klart.
No skal me trene hardt fram mot dei neste kampane som er i Odda 12. desember.