Prosjekt klubbutvikling
16/11/2010 18:33
Det er Norges Håndballforbund Region Vest som melder at dei fire klubbane Florø SK, Åsane Handball, Tysnes IL og Sotra SK har delteke på eit eittårig klubbutviklingsprosjekt i samarbeid med regionen.
Sist helg hadde desse fire klubbane ei tredje og siste fellessamling, der kvar klubb har i samarbeid med regionen sett ut nokre prioriterte målsetnader for prosjektperioden og jobba planmessig for å nå desse.
På den siste fellessamlinga presenterte klubbane sine prosjekt eit drøyt år etter oppstart, og dei viste at det er lagt ned eit imponerande stykke friviljug arbeid i prosjektet, skriv handball.no.
No har klubbane lagt grunnlaget for meir og betre aktivitet gjennom både sterkare organisasjon, sportsplan og klare verdiar for aktiviteten i klubbane.