Publisert av:
12/11/2010 20:35
Oppmjuking av reglane i strandsona
Tysnes er ikkje som Oslofjorden. Det er alle tysnesingar enig om, men det har vore lite forståing for dette blant dei som styrer landet frå Oslo når det har vore snakk om byggjing i strandsona.
Men under statsråd Navrasete sin visitt til Sunnhordlands-regionen i dag, så kan ein kanskje ha von om ei oppmjuking av reglane om byggjing rundt strandsona. Statsråden ynskjer seg justeringar i forskrifta som skal takast opp til nyttår.
Ho stadfester til bt.no at Tysnes er ein av kommunane ho har i tankane som ho vil omplassera i til ein mindre streng kategori for forvaltning av strandsona.
Les meir på bt.no >>>