Tryggast å koka vatnet

Publisert av:
21/10/2010 18:43

– Det er tryggast å koka vatnet på Onarheim dei 4-5 første dagane i neste veka. Grunnen er at ein skal sleppa innpå ureinsa vatn på ledningsnettet, noko som er i samråd med Mattilsynet, seier leiar i Onarheim Vassverk til Tysnesingen.

Det vil bli utspyling av ledningsnettet og tatt prøvar av vatnet. Tiltaket vil starta søndag ettermiddag den 24.oktober, og abonnentar bør altså koka vatnet dei påfølgande dagane neste veka.