Bjørnstjerne Bjørnson på Sundagsakademiet
18/10/2010 16:11
Då vil Kari Bolette Lundal frå Stord fortelja om den store diktaren, og også lesa nokre dikt og tekstar frå den omfangsrike produksjonen hans. Og kven veit, kanskje publikum også kan bli med på allsong og syngja nokre av dei kjende og kjære songane hans? Kven kjenner ikkje songar som “Løft ditt hode, du raske gutt” og “Ingerid Sletten av Sillejord”?
Som dei fleste veit er det Bjørnson-år i år. Me markerar at det er eitt hundre år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde. Og no på tampen av Bjørnson-året vil me også hylla han på Tysnes. Det er ikkje lett å seia noko om ein så mangfaldig mann som Bjørnson med få ord. Han var ikkje berre ein stor diktar, men også ein betydeleg samfunnsdebattant og teaterpersonlegdom.
Produksjonen er særs omfattande, med bondefortellingar, skodespel, poesi, romanar, artiklar, taler og ein enorm mengde brev. Med sine bondefortellingar fornya Bjørnson forteljarkunsten i Noreg med omsyn til form, stil og mennskeskildring. Det var også han som grunnla det moderne sagadramaet og det borgarlege samtidsdramaet og skreiv dei første realistiske problemdramaene. Kort sagt var Bjørnson ein mann av store dimensjonar, ikkje berre i si eiga samtid, men i heile vår moderne historie.
Kari Bolette Lundal arbeider til vanleg som barnebibliotekar på Stord folkebibliotek. Ho fotel og les i ulike samanhenger, både for born, ungdom og vaksne. Det dreier seg om formidling av eventyr og sagn, bibelforteljingar og bøker, i tillegg til at ho også lagar program om forskjellige personar og bøker.
Sundagsakademiet har vore eit populært innslag på Tysnes i fleire år, og er eit samarbeid mellom Tysnes Sogelag og Tysnes folkebibliotek. Som vanleg vert det tid til ein kaffipause undervegs og ein god drøs.
Tid og stad: Sundag 24. oktober kl. 17, Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen. Gratis adgang.