Publisert av:
9/10/2010 05:30
Bilar kolliderte
Det var i halv tolv tida fredag kveld at politiet fekk melding om ein bilførar som køyrde i berusa tilstand mellom Våge og Lunde.
Like etterpå fekk politiet melding om at to bilar hadde kollidert og det viste seg at det var same bilen dei hadde fått melding om tidlegare.
Det var tre personar involvert i bilkollisjonen, men ingen kom til skade. Vegen vart stengd medan bilen vart taua vekk. Det er bt.no som melder dette.