Populært med julemessa

Publisert av: May Britt Meland
22/11/2026 10:41

Tradisjon tru var det julemessa på Tveit dette året også. Og det ser ut som publikum synest det er kjekt å ta turen innom messa.

Det var ein jevn straum og det var til tider god trøkk av folk som var ute etter godbitar og andre ting ein kunne ha med seg heim, anten som julegåver eller til eiga bruk.
I år var det 16 seljarar som hadde rikt utval i mykje fint, det var salg i både første og andre etasje.

 

På spørrerunden fekk ein tilbakemelding om att seljarane var godt fornøyd med salet sitt.
Kafeen var også godt likt og kafébordet var til tider godt fylt opp, med god drøs.

Komiteen er glad og fornøyd for att både seljarar og ikkje minst kjøparane set pris på arrangementet  og har allerede planar for neste år !

 

Tekst og foto: Anne Langeland