Publisert av:
26/9/2010 20:27
Uavgjort for damelaget
Njardar fekk den beste starten i dagens oppgjer på Reiso gras mot Selbjørn.
Heimelaget gjekk opp i 3-0 leiing, men sovna så litt. Selbjørn reduserte to gonger, før Njardar igjen auka leiinga til 4-2.
Ein skulle kanskje tru Njardar ville hanka inn tre poeng då, men Selbjørn kom sterkt tilbake og utlikna til 4-4. Njardar stod på og gjekk opp til 5-4, men igjen utlikna gjestane og det enda til slutt 5-5. Selbjørn hadde eit par store sjansar mot slutten til å kapra poeng, men Njardar holdt stand.
Renate Hagen-Lunde scora 3 mål, Marita Lie Nesse og Trude Lande scora dei to siste.
(Bilete: Kari Lande)