Siger i jamn kamp

Publisert av:
24/9/2010 06:16

Det vart ein jamn kamp på grusbanen på Leikvang. Heimelaget tok leiinga midtvegs i 1.omgong etter at Njardardamene mista ballen på veg framover. Njardar utlikna like etterpå ved eit langskot frå Marit H. Helgesen som gjekk over keeper og i mål. 1-1 stod seg til pause.

Heimelaget starta best i 2.omgong utan å skapa dei store sjansane. Njardar jobba seg inn i kampen og i siste halvdel hadde laget fleire gode sjansar til å scora, men ein god heimekeeper redda skota eller dei gjekk utanfor.

Omlag 5 min. før slutt fekk endeleg Renathe Hagen-Lunde utteljing på ein av sjansane sine og dermed kunne tysnesingane reisa heim med seier 2-1 og 3 nye poeng.

Dette var ein flott lagseier der alle stod på og jobba for kvarandre. Ikkje alltid det store spelet, men til å vera første gong på grus på fleire år, var det ein god gjennomført kamp.

Laget: Kirsti Sundal, Malin Kongsvik, Reidun Kleppe, Viktoria Søreide, Karoline Dalen, Ane Vermedal, Renathe Hagen Lunde (1), Marit H. Helgesen (1), Trude Lande.