Publisert av: May Britt Meland
15/10/2026 18:24
Andersland Bygg 1 overtok leiinga i 1. divisjon
Haustferien skapte store vanskar for avviklinga av kampane i 1. divisjon, og dei tre siste kampane vart spelte denne veka.
Olav Helge har funne tilbake til storformen, og han var med og hjelpte AnderslandBygg 1 til siger 4 – 0 mot vinnar av turneringa førre år, Alsaker Fjordbruk.
Det svingar mykje i løpet av ein kamp. Fronta fekk 401 pinnefall i første runde, for så å slå til med 545 i den neste.
