Tap, men god innsats
28/8/2010 12:15
Gutelaget til Njardar tapte 1-6 for Trane på Krohnsminde kunstgras torsdag.
Njardar fekk ein verst tenkjeleg start og slapp inn tre mål dei første ti minutta av kampen. Deretter tok dei meir tak i spelet utan å skapa dei store sjansane.
2.omgong opna med at Daniell Hauge Hansen scora og Njardar køyrde no på for å innhenta leiinga til Trane. Men sjansane vart ikkje omsett i mål, og med ingen innbytarar utover i kampen vart det tøft utover i kampen og siste kvarteret slapp dei inn tre mål til.
Men det var god jobbing i perioden i mellom trass dei stygge siffera.
Desse var med: Kjetil Høviskeland, Jon Enes, Markus Ebbesvik, Alf Sundal, Vegard Frøkedal, Torstein Flakke, Daniell Hauge Hansen, Morris Skulstad (Raymond Epland etter 10 min), Christian Ottem, Aksel Lande, Simon Malkenes.