Publisert av:
25/8/2010 18:01
På sparebluss
Det er NRK Hordaland som melder at mellom anna Tysnes lensmannskontor går på sparebluss om sommaren og dei må utsetja etterforskinga til etter ferien.
Til NRK Hordaland seier lensmann Lorentz Lunde at dei har meir enn nok med å halda oppe beredskapen og gjera den straks-etterforskinga som må til i dei prioriterte sakene. Og det er fleire små lensmannskontor som vårt som må ty til denne løysinga for at dei skal få hjula til å gå rundt sommarstid.
– Eg er ikkje tilfreds med dette, og du vil nok ikkje finna ein lensmann som er tilfreds med denne situasjonen, seier Lunde.